En enklere hverdag

by | Aug 17, 2023

Med en mastergrad i interaksjonsdesign og erfaring som både tech lead og Head of Design. Ja, da blir det nesten for mye når Christoffer også kan skilte med svart belte i håndtering av minigravemaskiner!

Hils på Christoffer Valland – ein moderne familiefar med både born og hund på deltid. Glad i å bevege seg, anten det er sykling, jogging, klatring eller anna. Opprinneleg frå Norheimsund i Hardanger med sterk tilknytning til bygda. Han har dei siste åra restaurert eit snart 100 år gamalt hus. Dette har fått han til å tenke litt meir som Pippi: “dette har eg aldri gjort før, så det får eg sikkert til”. I sumar sat han fem dagar i ei gravemaskin for å drenere og planere rundt huset, til trass for å aldri ha brukt ei gravemaskin som er større enn den du finn i sandkassa på leikeplassen.

Brukeropplevelser på fritiden
Når han har fri tar han gjerne med seg sambuaren sin, eventuelt hund eller ungar avhengig av situasjon, på tur. Pakker ein sekk heilt full med ein lun og god sovepose, telt, fiskestang, og snacks. Mykje snacks. Det viktigste på tur er trass alt å kosa seg og finne ein fin teltplass der han og sambuaren kan finne ro. Det er helst fint vær, men dette er ikkje påkrevd. Litt av sjarmen ved slike turar er å sove dårlig, men samstundes ligge i den gode soveposen og glede seg til morgonkaffi i teltopninga.

Design er over alt. Det er også gode brukeropplevelser.

“Eg har alltid vore nysgjerrig på korleis ting heng saman, kva som gjer at ein likar eit produkt og misliker eit anna – og særskilt kva som gjer at ein føretrekker det eine over det andre når dei er tilsynelatande like.”

– Christoffer valland

Hvorfor design?

Det er kanskje ein cliché, men design er overalt og det er få som eigentleg forstår kor mykje arbeid som ligg bak alt me tek for gitt, sier Christoffer. Har du noko gong kjent på ubehaget av å stige inn på ei rulletrapp? Kva fot skal fyrst, kva tempo skal ein stige inn med for å unngå den ubehagelege kjensla av ubalanse, og ikkje minst – kven klarar eigentleg å stige inn på ei rulletrapp med bæreposar i hendene? Eller har du noko gong tenkt på kvifor knappen for å legge på ein telefonsamtale er plassert nøyaktig der den er? Og kor merkeleg det vert når Apple skal flytte den i neste oppdatering? Eg sjølv kjem i alle fall til å opna tastaturet eller forsøke å FaceTime når eg eigentleg skal legge på. Det å legge på ein telefonsamtale har eg trass alt øvde på i mange år, og forventar å finne knappen same stad kvar gong.

“Det er fantastisk å få med Christoffer i flokken. Han har den sjeldne komboen av både teknologi- og designforståelse som “alle” ønsker å ha i teamet sitt.”

– Hogne Gjersvik

Hands-on fixer
Sidan eg var liten har eg alltid vore interessert i datamaskiner. Då eg var 12 år søkte eg meg fram til det meste og installerte sjølvsagt det eg kom over. På denne lista finn ein sjølvsagt program for å laste ned musikk og video ulovleg, og eg sat igjen med ei så og seie ubrukeleg maskin full av virus. Og sjølvsagt hadde eg avinstallert alt som heiter antivirus fordi det gjorde maskina treigare. Dette trigga problemløysaren i meg, så dette kunne eg sjølvsagt fikse. Då det ikkje var godt nok å installere antivirus, enda eg opp med å opne heile maskina, bytte harddisk og installerte operativsystem på ny. Det gjorde susen! 

Dette førte vidare til at min nysgjerrighet trigga eit spørsmål om eg kunne klare å oppgradere maskina med nytt skjermkort, RAM-brikker og meir. Det var sjølvklart ein trillande snøball som på eit tidspunkt førte til eit smell med påfølgande røykutvikling i maskina. Det var den straumforsyninga…

“Eg vert sterkt motivert av å gjera kvardagen din litt enklare!”

Christoffer valland

Fra tech til design
Christoffer har mastergrad i Informasjonsvitenskap frå UiB, med fokus på interaksjonsdesign og programutvikling. Dette har gitt han god innsikt i eit bredt spekter av ulike tema innafor teknologi og design, som videre har ført til at han har hatt stillingar som full stack utvikler, interaksjonsdesigner, tech lead, agile lead, Head of design – og no konsulent innafor design.

Etter å ha samarbeidd med These Ways på forrige arbeidsstad, fikk han eit svært godt inntrykk av bedrifta. Det var naturleg å ta kontakt med These Ways då ynskte om å jobbe med UX på heiltid dukka opp. Fagleg er Christoffer ein problemløysar som likar å få framgang i arbeidet. Han trivst godt med praktisk arbeid, både koding og design, men treng ikkje nødvendigvis å vera den utførande personen. Christoffer likar godt å vera tilretteleggar, og vert glad dersom han kan gjere ein jobb som gjer at kollegaer har færre utfordringar i sin arbeidskvardag og at dei vert meir effektive.

Drømmen om et bedre samfunn
Christoffer drømmar om et likestilt og framoverlent samfunn der folk forstår si eiga påvirkningskraft. Han håpar folk sluttar å sei at det ikkje er viktig om dei kildesorterer eller deltek på Pride. Dine handlingar og haldningar kan ha stor effekt i det store bilete, sier Christoffer. Og det er jo litt fascinerande – sommarfugleffekten, altså!

Våre arrangementer

Siste nytt

Cecilie co-designer Norges nye nødnett

Fra Florø til Oslo, fra AHO til bærekraftig forretningsutvikling. Cecilie er en erfaren designtenker som ikke er redd for å ta steg. Hun tar faktiske ofte hele spranget og hopper nå inn i et nytt eventyr med å forme These Ways sitt miljø i Oslo. Historisk...

Finansbyen Bergen 2050 

I 2023 hadde vi en plan. Her er historien og hvordan det gikk – og hva som er den nye planen 2.0…

These Ways feirer 5 år!

These Ways feirer 5 år

I en tid der verden forandrer seg raskt og uforutsigbart, er innovasjon mer nødvendig enn noen gang. Dette er bakgrunnen for at These Ways markerer sitt 5-årsjubileum med en storslått feiring den 17. august. Vi har invitert 45 utvalgte gjester til å feire med oss på Christinegaard Hovedgaard.

Skal vi holde deg oppdatert?